Fleire mindre snøskred er observerte

Publisert 15.02.2019 kl. 07.28.

Skredfaren er framleis betydeleg i Indre Sogn.


varsom.no vart det torsdag rapportert om fleire mindre våte laussnøskred i Sogndalsdalen, grunna varme og mildvêr dei siste dagane.


I varselet for Indre Sogn opplyser varsom.no at det under 1600 moh er venta naturleg utløyste, store våte skred.


I leområde i høgda er ferske nysnøflak problemet. Det blir oppmoda om å unngå område under glidesprekker.


I Jotunheimen melder varsom.no at gamle svake lag kan vekkjast til live og auka faren for naturleg utløyste skred. Over mildvêrsgrensa er det ustabile flak med nysnø. 


Les meir om: Nyhende Notis Fjellsport