TILFREDS: - Me er tilfredse med utviklinga i drifta i andre kvartal, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland. (Arkivfoto)

Fjord1-direktøren tilfreds med utviklinga trass nedgang i omsetnaden

I andre kvartal hadde Fjord 1 eit resultat etter skatt på 104 millionar kroner.

Publisert 22.08.2019 kl. 15.46.

Inneverande år er eit overgangsår for Fjord1 med betydelege investeringar knytt til nybygg og infrastruktur kombinert med førebuingar til oppstart av nye kontraktar neste år. Dette førte til ein nedgang i omsetnaden i andre kvartal samanlikna med andre kvartal i fjor, går det fram av ei pressemelding frå selskapet.


- Me er tilfredse med utviklinga i drifta i andre kvartal. Me er glade for å ha signert kontrakten for Halsa-Kanestraum-sambandet for perioden 2021-2030 etter utgangen av kvartalet. Signeringa fann stad 16. august og markerer vår posisjon som ein leiande aktør i ferjemarknaden, seier administrerande direktør Dagfinn Neteland.


I første halvår av 2019 hadde Fjord1 eit resultat etter skatt på 118 millionar kroner.


Omsetnaden fall med 12 prosent samanlikna med første halvår av 2018, hovudsakleg som følgje av dei pågåande overgangsendringane i ferjeporteføljen og avviklinga av den trafikktunge ruta Halhjem-Sandvikvåg, heiter det i pressemeldinga.


- Nedgangen i omsetnad i 2019 er mellombels og er forventa å auka i samband med oppstart av nye kontraktar 1. januar 2019.


Les meir om: Nyhende Næringsliv