F.v. 50 Aurland-Hol er stengd inntil vidare grunna uvêr. (Foto: Statens vegvesen)

Fjellovergang open att, men ruskevêr gir redusert sikt

Publisert 12.02.2019 kl. 06.11. Oppdatert kl. 08.01.

Tysdag morgon var fv. 50 Aurland-Hol stengd grunna uvêr, og hadde vore stengd gjennom natta. I 07.30-tida tysdag opna vegen att, opplyser vegtrafikksentralen.


På fv. 53 Tyin-Årdal er det liten kuling og snøbyger, og stadvis gir snøføyka redusert sikt.


Rv. 52 Hemsedalsfjellet er også prega av snø og vind som kan gje redusert sikt. Det kan bli innført kolonnekøyring på kort varsel.


På rv. 13 Vikafjellet var det klokka 05.35 liten kuling og snøbyger.


E16 Filefjell har laber bris og opphaldsvêr.


 


Les meir om: Nyhende Uvêr Trafikk

Siste saker Gå til framsida