Ein person er henta opp frå Lærdalselvi. (Foto: Arne Veum)

Fiskar omkom i Lærdalselvi

Ein fiskar vart henta opp frå Lærdalselvi.

Publisert 03.07.2017 kl. 14.32. Oppdatert kl. 15.57.

- Ein person vart teken opp frå elva klokka 14.26. Helse har starta gjenoppliving, opplyser Per Rimmen på operasjonssentralen.


Politi på staden opplyser at det er ein fiskar som er teken av elva, men kan ikkje seia om personen er teken av straumen under fiske eller om vedkomande har ramla på elva.


Det vart starta livredding ved elvebreidden, ikkje langt frå sjukehusbrua.


Luftambulansen har landa ved staden. Politiet opplyser at personen var kledd i vadarar.


Naudetatane vart sende ut etter at det klokka 14.13 måndag kom melding om ein person i Lærdalselvi.


- Det er observert ein person flytande i Lærdalselvi, opplyste Rimmen like før klokka 14.30.


Politiet opplyser klokka 15.16 at personen som er teken er ein utanlandsk statsborgar i 70-åra.


SISTE: Klokka 15.30 melder politiet at vedkomande er erklært død. Varsling av pårørande er starta.


Les meir om: Nyhende