Det var lange køar på Mannheller-Fodnes tysdag kveld. (Foto: Statens vegvesen)

Ferjerute tilbake i normal drift på Mannheller-Fodnes

Innstilt B-rute gav lange køar.

Publisert 09.07.2019 kl. 16.05. Oppdatert kl. 20.23.

På ferjesambandet Mannheller-Fodnes på rv. 5 fekk ei av ferjene problem tysdag ettermiddag.


Vegtrafikksentralen opplyste klokka 16.01 at ferje B var innstilt inntil vidare grunna tekniske problem.


Utover kvelden rapporterte trafikantar om lange køar, og vegfarande måtte bu seg på lang ventetid.


Kring klokka 20.20 var vona at dei skulle få løyst problemet på M/F Sogn og få ferja i gang att om innan ein times tid.


Klokka 21 var ferjesambandet tilbake i normal drift.


Les meir om: Nyhende Trafikk