VEDLIKEHALD: Ferjekaien på Dragsvik blir ikkje nytta enkelte avgangar natt til 10. oktober. I staden går ferja til Balestrand. (Arkivfoto)

Ferjekai blir stengd

Dragsvik ferjekai vil bli stengd for trafikk ein periode natt til torsdag 10. oktober.

Publisert 08.10.2019 kl. 17.10.

Det opplyser Statens vegvesen. I perioden vil ferja i staden gå mellom Hella og Balestrand.


På grunn av vedlikehaldsarbeid går ferjeavgangane frå Hella klokka 00.00 og 01.10 til Balestrand og ikkje til Dragsvik. 


Dermed går også ferjeavgangane klokka 00.15 og klokka 01.25, som skulle gå frå Dragsvik, i staden frå Balestrand. 


Avgangen klokka 06.05 frå Dragsvik skal gå som vanleg, opplyser vegvesenet.