Ferien er over i Vadheim-tunnelen

Arbeidet i Vadheimtunnelen på fv. 55 startar opp att måndag kveld.

Publisert 29.07.2019 kl. 13.57.

Arbeidet i Vadheimtunnelen i Høyanger kommunen har hatt ferie frå 8. til 28. juli.


Når arbeidet startar opp att måndag kveld, kan tunnelen bli stengd i periodar på inntil fire timar i periodane måndag til fredag og søndag fra klokka 18.00 til 06.00 neste dag.


Utrykningskøyretøy vil kunne passera, opplyser vegvesenet.


Det blir køyrt kolonne med ledebil gjennom tunnelen. 


Kolonnetider frå Vadheim: 18:30, 19:00, 19:35, 20:00, 20:45, 21:10, 21:50, 22:25, 00:35, 04:00, 05:10.


Kolonnetider frå Hovden: 18:40, 19:30, 20:10, 20:55, 21:40, 22:30, 00:25, 04:10, 05:15.


Arbeidet med oppgradering av Vadheimtunnelen starta i mars i år. Tunnelen skal etter planen stå ferdig i mars neste år.


Til saman skal om lag 70 tunnelar i Sogn og Fjordane rustast opp som del av det nasjonale tunneloppgraderingsprosjektet, opplyser vegvesenet.