Fengslingsmøte for mannen som er sikta for menneskehandel

Publisert 21.08.2019 kl. 10.25.

Den polske mannen som måndag vart arrestert på ei adresse i Vik kommune, blir framstilt for varetektsfengsling klokka 12.45 onsdag. Det stadfestar mannen sin advokat til NRK.


Advokaten vil, ifølgje NRK, ikkje seia noko om korleis mannen stiller seg til siktinga før etter dagens avhøyr.


Mannen har, etter det Sogn Avis kjenner til, vidareformidla eit større tal utanlandske arbeidarar til kring sju bønder i bygda. Mannen er sikta etter straffelovens $257 om menneskehandel.


Han vart avhøyrt av politiet i Bergen tysdag.


Les meir om: Nyhende Politi