Femåring døydde etter fallulukke i Eid

Femåringen som blei skadd i ei fallulukke i Nordfjordeid torsdag kveld, døydde av skadane.

Publisert 14.01.2019 kl. 11.45. Oppdatert kl. 12.05.

Guten fall i ei trapp i heimen sin. Han vart frakta til Haukeland sjukehus, der tilstanden vart betrakta som kritisk.


- Det er ei tragisk ulukke, der femåringen dessverre døydde av skadane han fekk, seier lensmann Tormod Hvattum til Firda.


Politiet har rutinemessig oppretta undersøkingssak, men understrekar at det dreier seg om ei ulukke.


Les meir om: Nyhende Notis