Fekk svi for manglande bombrikke

Publisert 05.09.2019 kl. 07.20.

Eit tyngre køyretøy utan bombrikke vart stogga under ein kontroll på Håbakken natt til torsdag. Det resulterte ei eit gebyr på 8.000 kroner. Det er obligatorisk med bombrikke på tunge køyretøy.


Under kontrollen vart ei førar av eit vogntog meld til politiet grunna brot på vedtektene om køyre- og kviletid, manglande døgnkvile og dagleg køyretid.


Ein førar av eit vogtog vart meld til politiet fordi han ikkje stogga for skilta trafikkontroll.


Vegvesenet påpeikte også svake bremsar på ein tilhengar og slitasje på eit tilhengardrag.


Totalt var det 130 køyretøy inne på kontrollplassen, og 6 av desse vart plukka ut for vidare kontroll.


Les meir om: Nyhende Notis Lærdal