SETT PRIS PÅ: Karen Marie Hjelmeseter og Jenny Følling delte ut prisen til Bjørn Vike og Tone Rønning Vike. (Foto: Runar Bjørkvik Mæland/Sogn og Fjordane fylkeskommune)

Fekk pris: - Dei leverer unike opplevingar som gjestene seint vil gløyma

Tone Rønning Vike og Bjørn Vike gjev dei besøkjande minne som helst ikkje set spor i naturen. No har dei fått bedriftsutviklingsprisen.

Publisert 19.10.2018 kl. 11.07. Oppdatert kl. 11.31.

Fredag vart Bedriftsutviklingsprisen i landbruket for 2018 delt i samband med fylkestingssamlinga i Balestrand. Prisen gjekk til Reiselivsverksemda 29-2 Aurland AS.


Overtok familiegarden

Ekteparet Tone Rønning Vike og Bjørn Vike og familien flytta for seks år sidan frå Bergen til Aurland og overtok familiegarden. Dei har foredla den gamle bygningsmassen på garden gjennom restaurering, ombygging, påbygg og nybygg.


Alt er utført med kvalitet og stor kreativitet, men med respekt for det gamle. I dag tilbyr dei ei eksklusiv oppleving for turistar som er ute etter ei anna oppleving i ein spesiell natur, heiter det i ei pressemelding frå Innovasjon Norge.


«Moderne» bønder

- Då me selde huset vårt i Bergen og slo oss ned her i Aurland i 2012, hadde det ikkje vore tradisjonell drift på garden på nærmare 30 år. Me er «moderne»  bønder; me driv ikkje med dyr, men brukar ressursane på garden på en ny måte: elvefiske, kjøkenhage, stølsbesøk, kulturformidling, og sist men ikke minst, held me liv og lys i husa, seier ekteparet som har drive garden sidan 2014.


Det populære gardshotellet er lokalisert ved Aurlandselva i Nærøyfjorden Verdsarvpark, der ekteparet driv med overnatting, servering og opplevingar i naturen. Alt tek utgangspunkt i ressursane på garden og nærområdet, i samarbeid med andre lokale aktørar. Verksemda har eit stort fokus på berekraftig reiseliv og har tilbod til turistar som er ute etter ei annleis oppleving.


Betalingsvillige kundar

29-2 Aurland AS har fått innpass i den såkalla «high-end»-marknaden og vender seg til ei betalingsvillig, velutdanna og sprek kundegruppe som søkjer opplevingar i det unike fjell- og fjordlandskapet i Indre Sogn. Dei skreddarsyr pakkar og turar der dei ofte sjølve er guidar og serverer økologisk og lokal mat, heiter det i pressemeldinga.


- Tanken vår om berekraftig turisme inneber at me skal setja små fotavtrykk i Verdensarvområdet og at turismen skal koma lokalmiljøet til gode, seier Tone Rønning Vike.


- Stolte

- 29-2 Aurland er ei reiselivsverksemd som verkeleg tek vertskapsrolla si på alvor, dei set kunden i fokus og leverer unike opplevingar som gjestene seint vil gløyma. Vertskapet har eit medvite forhold til kven dei henvender seg til og har difor søkjelys på autentisitet og matopplevingar som treff kundegruppa, i tillegg til berekraft og kvalitet som ligg til grunn for alt dei gjer. Me er stolte over å ha samarbeidd med Tone og Bjørn i 29-2 Aurland, seier Kristine Kopperud Timberlid, avdelingsleiar i Innovasjon Norge Vestland.


Les meir om: Nyhende Aurland

Siste saker Gå til framsida