PODKAST: Morten Sortland og Endre Romøren fekk presseprisen i open klasse for nyskapande podkast. (Arkivfoto)

Fekk pressepris for podkasten Radl om Badl

Sogn Avis-journalistane Endre Romøren og Morten Sortland vann presseprisen i open klasse.

Publisert 10.11.2019 kl. 10.07. Oppdatert kl. 11.55.

Laurdag vart presseprisane for 2018 i Sogn og Fjordane journalistlag delte ut. NRK og Firda fekk prisane for nyheit og reportasje, medan Sogn Avis fekk prisen i open klasse.


Då han las opp grunngjevinga kalla Jens Kihl, leiar i juryen og politisk kommentator i BT, podkasten for ufiltrert, ekte, artig og nyskapande.


- Det er heilt utruleg kor oppteken ein person som meg, som ikkje eigentleg er interessert i fotball, kan bli av for eksempel 4. divisjon og ting som skjer på Jotun stadion, til dømes.


Breitt spekter

Kihl framheva også breidden i tema for Radl om Badl som ein styrke.


- Det har heile spekteret frå VM til eliteserie til altså 4.divisjon, det er veldig fascinerande korleis Romøren og Sortland i Sogn Avis gjer dette spennande og morosamt i tillegg til at dei også får fram dei gode historiene.


Grunngjeving lyder slik: "Når den etablerte journalistikken blir utfordra, er det godt å sjå at andre format blir tatt i bruk og spesielt når det fungerer so godt som denne podcasten. I open klasse går prisen til Morten Sortland og Endre Romøren i Sogn Avis for podcasten «Radl om badl» Radl om badl er ufiltrert, ekte, artig og nyskapande. Det er ein informativ og underhaldande podcast som tek føre seg alle moglege sider av både breidde- og toppfotballen i fylket. Her er det mykje bra gjester, humor, programledarane er godt forberedt, dei har god bakgrunnskunnskap kjem tett på intervjuobjekta. Samtidig er det krydra med mange røvarhistoriar i ein lett stil med glimt i auga.


Podkastepisodane finn du her.


Prisen for nyheitssak gjekk til Asgeir Reksnes i NRK, for saka om at staten brukar 3,7 mrd. på rassikring til bygder der det til saman bur 600 menneske. Astrid Iren Solheim i Firda fekk prisen for beste reportasje, med ei sterk historie om å mista eit barn i kreft.


 


Les meir om: Nyhende Sport Podkast