Det vart ikkje mange oppdrag for politiet 17.mai-natta. Her er politiet på plass i Sogndal sentrum. (Foto: Bjørn Sølsnæs)

Fekk melding om støy og amper stemning

Få oppdrag for politiet natt til 17. mai.

Publisert 17.05.2019 kl. 06.48. Oppdatert kl. 08.11.

Natt til 17. mai har gått relativt roleg føre seg i Sogn.


- Det har stort sett vore veldig greitt i natt, og ikkje dei store hendingane, seier operasjonsleiar Per Algerøy i Vest politidistrikt.


Politiet fekk eit par meldingar om høg musikk, og ei melding om amper stemning.


Den første meldinga kom frå Øvre Årdal, der det vart klaga på høg musikk. Patruljen var der klokka 00.30. 


- Då var det roleg, men dei erkjente å ha spelt og lova å halda det roleg, seier Algerøy.


Klokka 03.26 kom det melding om støy på Utladalen camping, og politiet har fått melding om at det høyrdes ut som eit båthorn. Politiet rykte ikkje ut til dette.


I Sogndal var ein kar redd for at nokon var etter han, og politiet fekk melding klokka 00.30. 


- Det var meldt om opphissa stemning i sentrum, og det var ein som påstod at nokon var etter han, seier Algerøy.


Politiet var på plass kort tid etter.


- Det skal ha vore 3-4 personar som skal ha sprunge etter han, etter at vedkomande hadde slengt med leppa. Men det var ingen skader, og politiet avslutta på staden, seier Algerøy.


Les meir om: Nyhende Politi Sogndal Årdal