OVERREKKING AV GÅVEBREV: Styreleiar Margrethe C. Stang i Fortidsminneforeningen (til venstre) og riksantikvar Hanna Geiran (til høgre). (Foto: Karen Thommesen, Riksantikvaren)

Fekk kyrkje i bursdagsgåve

Fortidsminneforeningen fekk Hove kyrkje i gåve.

Publisert 15.09.2019 kl. 20.30. Oppdatert kl. 20.46.

I år markerer Fortidsminneforeningen sitt 175-årsjubileum. Sundag 15. september fekk jubilanten overrekt ei av dei eldste steinkyrkjene i landet i gåve frå Riksantikvaren.

- Kva er ei passande gåve til ein 175-åring, spurde me oss hjå Riksantikvaren. Me fann ut at den vakre mellomalderkyrkja Hove i Vik i Sogn og Fjordane måtte vera den ideelle gåva, seier riksantikvar Hanna Geiran i ei pressemelding.

Hove steinkyrkje har gjennom ei årrekke vore eigd av Riksantikvaren, og dei seinaste åra har kyrkja blitt satt grundig i stand. Det er gjort alt frå gjenstandskonservering til restaurering av målararbeid.

Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og blant dei eldste steinkyrkjene i Noreg. (Arkivfoto)

Markering

Det er ikkje altfor mange dagar sidan riksantikvar Hanna Geiran kunne signera overdraginga av kyrkja til Fortidsminneforeningen. Sundag formiddag kunne ho overrekkja kyrkja til styreleiar i foreininga, Margrethe C. Stang. Hendinga vart markert i kyrkja, med andakt og kulturelle innslag, og, sjølvsagt, kyrkjekaffi.

- Hove kyrkje er det best bevarte dømet me har på restaureringspraksis på 1800-talet. Blix si restaurering er eineståande i norsk samanheng, og me i Fortidsminneforeningen er stolte og glade over å få Hove-kyrkja inn i samlinga vår. Ho bidreg på ein vakker og fargerik måte til å fylla ut biletet av nasjonsbyggina og mellomalderbegeistringa på slutten av 1800-talet. Kyrkjene er blant dei aller største kulturskattane i landet vårt, og både Fortidsminneforeningen, Riksantikvaren og alle andre gode krefter må jobba saman for å ta enda betre vare på dei i åra som kjem, seier styreleiar Margrethe C. Stang.


Ei passande gåve

Fortidsminneforeningen har allereie i mange år drive formidlingsverksemd frå kyrkja, som dei no har fått. Fortidsminneforeningen reknast som Riksantikvaren sin forlaupar i Noreg, og har alltid vore ein pådrivar for bevaring og formidling av norsk bygningsarv.

- Då Fortidsminneforeningen vart etablert i 1844, var det nettopp med føremål å redda dei siste av stavkyrkjene i Noreg. Derfor kjennast det som om ringen er slutta når me no kan gje dei ei av dei viktigaste mellomalderkyrkjene av stein. Fleire stavkyrkjer og andre kulturhistoriske bygningar står framleis, takka vere foreininga. Deira innsats gjennom 175 år skaper kvar dag opplevingar, forankring, kunnskap og innsikt for svært mange av oss, seier riksantikvar Hanna Geiran.

Hove kyrkje er den eldste steinbygningen i Sogn og blant dei eldste steinkyrkjene i Noreg. Ho vart bygd på 1100-talet. Den vakre og rikt dekorerte kyrkja vart truleg bygd som ei privatkyrkje, sidan det i Vik allereie var to kyrkjer på den tida, Hopperstad stavkyrkje og Tenhold kyrkje. Hove kyrkje vart kjøpt av Peter Andreas Blix i 1880, og han gjennomførte store restaureringsarbeid. Då Blix døydde i 1901, vart han gravlagd inne i kyrkja. Det var broren til Peter Andreas Blix som arva kyrkja og som igjen ga ho vidare til staten.


Les meir om: Kultur Nyhende Vik

Siste saker Gå til framsida