FEKK PRIS: Øystein Vidnes vann Kritikarprisen for omsetjinga av boka Tre kvinner av Robert Musil. Forlagsredaktør Simone Stibbe med Madame Bovary omsett av Margunn Vikingstad, som var nominert i same kategori. (Arkivfoto)

Fekk Kritikarprisen for beste omsetjing

Forfattar, omsetjar og formgjevar Øystein Vidnes vann Kritikerlagets pris.

Publisert 01.03.2018 kl. 14.15. Oppdatert kl. 14.37.

Prisen fekk han for omsetjinga av boka Tre kvinner av Robert Musil. Dette er femte bok i Skald sin nye verdsklassikarserie.


Overrekkinga av prisen fann stad på Litteraturhuset i Oslo torsdag.


- Hadde ikkje venta

- Dette er fantastisk. Berre det å bli nominert til denne prisen var nok å glede seg over, og i så sterk konkurranse hadde eg ikkje venta å nå opp, seier Vidnes.


Sunnmøringen, busett i Leikanger i Sogn, har fleire omsettingar og gjendiktingar bak seg, mellom anna den nynorske utgåva av Frankenstein, som feirer 200-års jubileum i år og også høyrer til i klassikarserien til Skald, heiter det i ei pressemelding frå forlaget.


To nominerte

I tillegg til Vidnes var også Margunn Vikingstad nominert for si omsetting av Madame Bovary, utgitt i same serie. Forlaget i Leikanger stod dermed for to av fire utgjevingar nominert i klassen for beste omsetjing i 2017.


- Det er jo eit teikn på at forlaget gjer noko rett med klassikarserien sin. Ikkje noko ville gleda meg meir enn om prisen gjer at denne serien kan nå endå breiare ut, seier Vidnes.


Kritikerlaget deler ut prisen for beste omsetjing til «eit skjønnlitterært verk som juryen ser på som litterær verdifull prosa». I juryen sat Carina Elisabeth Beddari, Audun Lindholm og Janneken Øverland.


Grunngjevinga for prisen kan du lesa her