Fekk klager på støy og uro

Publisert 09.11.2019 kl. 08.05.

Klokka 01.44 natt til laurdag fekk politiet melding om feststøy ved Elvatunet i Sogndal.


Politiet fekk lokalisert festen, men det var ikkje mange att der då politiet banka på døra. Festdeltakarane lova å roa ned og dempa lyden.


Også seint fredag kveld hadde politiet vore ein tur ut i Sogndal sentrum for å slå ned på støy og uro.


Då var det kome melding om «børning» og sladding. Patruljen viste vekk ungdommane frå staden.


 


Les meir om: Nyhende Notis Politi