NEBØR: Det er sendt ut gult farevarsel for lokalt mykje nedbør i Indre Sogn måndag ettermiddag. (Grafikk: Meteorologisk institutt @meteorologene på Twitter)

Farevarsel for Indre Sogn - kan koma over 30 mm nedbør på 6 timar

Det kan bli mykje nedbør måndag ettermiddag.

Publisert 12.08.2019 kl. 14.21.

Måndag ettermiddag er det venta lokalt over 30 mm nedbør på seks timar i Indre Sogn, og det er difor sendt ut farevarsel på gult nivå.


Folk vert oppmoda om å vurdera behovet for førebyggjande tiltak. Behover for beredskap skal vurderast fortløpande av beredskapsaktørar.


Folk som skal ut på vegane vert oppmoda om å sjekka vegmeldingar og tilpassa farten og køyra etter tilhøva.


Det kan vera fare for overvatn i tettbygde område og fare for stengde vegar, vert det opplyst.


 



Les meir om: Nyhende