MAT FRÅ VEST: Dagleg leiar Øyvind Lending leiar ei verksemd med populære produkt. Her er han saman med kokk Arne Brimi. (Pressefoto)

Eventyrleg vekst for lokalmat i vest

Lengst vest opplever lokalmatverksemda stor vekst.

Publisert 19.01.2019 kl. 16.56.

Solundmat AS selde 14 000 halve smalahovud i månadene før jul.


- Totalt leverte me 35 000 middagar. I tillegg har me hatt ein sterk auke på spekematen, seier dagleg leiar Øyvind Lending i ei pressemelding frå verksemda.


Dette inkluderer pinnekjøt, klippfiskkaker og klippfisk, i tillegg til smalahovud.


Verksemda har meir enn dobla omsetninga av spekepølse, medan omsetninga av spekeprodukta elles har auka med 30-50 prosent.


Starta i det små

Verksemda i Ytrøygrend starta opp i 2011 og har tre-fire tilsette. Framover vert spekemat og spekepølse hovudsatsinga deira. Dei vil også utvida lokala dei har.


- Lokala me har i dag er for små. Me har ambisjonar om å veksa og utvikla oss, og då treng me større lokale. Lokalmat er i vekst, og det trur me er ei utvikling som berre vil halda fram, seier Øyvind Lending.


- Framifrå mat

Solundmat AS sel nær heile produksjonen sin gjennom Coop Nordvest.


Hjå dei er Ronny Sørbotten imponert.


- Dette er eit glimrande døme på det som er grunntanken i vår satsing på lokalmat. Det at ein i tillegg til å produsera framifrå mat basert på lokale råvarer, også utviklar arbeidsplassar og næringsliv i Bygde-Noreg. Det er utruleg viktig, seier Sørbotten i pressemeldinga. Han er marknadssjef og ansvarleg for lokalmatsatsinga i Coop Nordvest.


Les meir om: Nyhende