Etterlyste vinnar av 89 millionar kroner - mannen trudde det var telefonsal

Norsk Tipping har torsdag kveld fått kontakt med mannen som onsdag vann 89 millioner kroner i Vikinglotto.

Publisert 18.04.2019 kl. 11.38. Oppdatert kl. 21.44.

Det skriv Dagbladet.


Vinnaren er ein mann frå Østfold. Han melde seg for Norsk Tipping like etter klokka 21 torsdag kveld. 


- Han trudde det var ein telefonseljar som hadde ringt frå det ukjende nummeret. Ifølgje våre folk på kundeservice var han heilt roleg, som skjæra på tunet, seier Norsk Tipping sin trekningsredaktør til Dagbladet.


Etterlyste vinnar

Norsk Tipping skreiv i ei pressemelding torsdag føremiddag at dei hadde prøvd å få tak i vinnaren etter trekninga onsdag, men ikkje lukkast. Heller ikkje Skjætorsdag haddet dei klart å koma i kontakt med vedkomande.


Torsdag kveld har dei endeleg fått kontakt med den heldige vinnaren, som ikkje ønskjer å gå ut med alder eller nærare bustad.


Les meir om: Nyhende