Etterforskar dødsfall

Ein 58 år gammal mann frå Litauen vart funnen død i Svelgen søndag.

Publisert 09.10.2019 kl. 10.20.

Ein mann vart funnen død i Svelgen søndag 6. oktober. Mannen er obdusert og politiet ventar på endeleg resultat frå obduksjonen. Politiet opplyser at det er forholda rundt dødsfallet som politiet treng ei forklaring på og undersøkinga held fram i håp om at politiet snart finn svar på desse, opplyser Vest politidistrikt i ei pressemelding.


Pårørande til avdøde er varsla. Den avdøde er ein mann på 58 år frå Litauen. Familien ønskjer foreløpig ikkje å gå ut med namn på avdøde.


Det blir jobba med vitneavhøyr, rundspørjing, taktiske og tekniske undersøkingar opplyser politiet. Saka blir handtert av politiet i Bremanger.


Les meir om: Nyhende Notis