Kven eig denne fine katten?

Er det nokon som kjenner att denne katten?

Denne katten har vore på sjølvstyr i Luster, og vart funnen mellom Hafslo og Veitastrond. Er det nokon som kjenner ho att?

Publisert 07.07.2019 kl. 07.59. Oppdatert kl. 09.31.

«Eg har teke opp denne katten på vegen mellom Veitastrond og Hafslo, ca seks kilometer frå næraste faste busetnad, mellom to tunnelar, ca midtvegs Veitastrondsvatnet. Eigaren har vore etterlyst på radio og gjennom fjesboka. Etter fire dagar har ingen meldt seg», skriv Inger Johanne Yttri i ein e-post til Sogn Avis.

Katten er ei praktfull hoe på ca eitt år, godt oppdregen og reinsleg. Den er no hjå meg på Hafslo i påvente av at nokon saknar ho og hentar ho. Kven kan ikkje sakne ei slik ei? Dyrlegen har undersøk ho, ho er frisk, men medteken etter mange dagar ute, skriv Yttri,


Kva er dette for noko dersom ikkje eigaren melder seg? spør ho vidare og konstarerer med rette at det å etterlata ein huskatt på denne måten er etter hennar forstand dyremishandling på linje med det som forskrekkar tvsjåarar i vårt land.
-  Sjølv jobbar eg som landbruksvikar og er van med skikkeleg behandling og respekt for dyr, skriv Yttri.

Dersom nokon saknar eller kjenner att katten, ta kontakt med Inger Johanne på
99251969


Les meir om: Nyhende Dyr Luster