DREG UT I TID: Arbeidet med den nye ambulanseplanen tek lengre tid enn fyrst tenkt. (Arkivfoto)

Endra framdrift for ny ambulanseplan

Arbeidet med ny plan for det prehospitale området i Helse Førde tek lenger tid enn fyrst tenkt. Planen vert venteleg slutthandsama på styremøtet 16. desember i år.

Publisert 11.07.2019 kl. 10.53. Oppdatert kl. 11.02.

Det skriv Helse Førde i ei pressemelding.

Med bakgrunn i innkomne innspel har administrerande direktør Arve Varden bestemt at det skal brukast meir tid på arbeidet med ny plan for det prehospitale området, som omfattar bil-, båt- og luftambulanse, samt AMK.

Varden opplyser at utkastet til ny plan er tenkt sendt på høyring 26. september, etter at det er presentert for ordførarane i eit møte med politisk leiing i kommunane og fylkeskommunen.


Før jul

Deretter vert det ein høyringsperiode på åtte veker før saka skal takast opp til endeleg avgjerd på siste styremøtet før jul.

- Helse Førde er klar over at denne planen er viktig for kommunane og innbyggjarane. Me vonar tidsplanen me no legg opp til vil gje rom for ryddige prosessar ute i kommunane og at føretaket får tilstrekkjeleg med tid til å vurdera innspela som kjem, seier Varden.

Kommunane vart orienterte om den endra framdriftsplanen i eit brev denne veka.

- Me opplever at arbeidet med prosjektet har gått svært godt, og at kommunikasjonen med kommunane i regionrådsmøta så langt har vore konstruktiv og lærerik, seier Varden, som ser fram til vidare dialog med kommunane utover hausten.


Les meir om: Nyhende Helse