TIL SOGN OG FJORDANE: Kari Bremnes er klar for konsert under Glopperock. (Foto: Stian Andersen)

Endeleg får dei Kari Bremnes til Glopperock

Glopperock har i mange år jobba for å få Kari Bremnes til Sandane.

Publisert 11.08.2019 kl. 11.30.

- Konserten i Trivselshagen på Sandane fredag 16. august er einaste Kari Bremnes held i Sogn og Fjordane i år. Billettsalet går svært godt, og me gler oss, seier Remi Tystad, festivalsjef for Glopperock.


Kari Bremnes har skrive songar i 20 år og gjeve ut 15 soloalbum.


- Ho har i dag eit større publikum enn nokon gong, med eit stort konsertpublikum i fleire land og eit platepublikum over heile verda.


Med seg til Gloppen har ho Børre Flyen - trommer, Petter Unstad - bass/vokal, Børge Petersen-Øverleir - gitar, Bengt E. Hanssen - tangentar/vokal og Geir Østensjø -lyddesign.


Før Bremnes går på scena, vil pulikum få høyra Line Dybedal, artist og låtskrivar frå Selje.


- For tida er ho aktuell med musikken til BarneTV-serien «Bli med heim». Line har gjeve ut platene: «Supersonic» (2012) ,«Til kjærleiken» (2016) og «Tider» (2019) med hitlåta «På ei øy». Line med si vare og lyse stemme gjev lyttaren ei oppleving av noko nært og ekte, peikar Tystad på.


 


Les meir om: Nyhende Kultur Musikk