FRI FERDSLE: Her skal det byggjast ny tunnel til hausten. Det innleiande arbeidet har ført til stengd veg i opp til to timar. No blir det fri ferdsle i tre veker.

Endeleg ferie i Jåteli

No blir det fri ferdsle i tre veker framover.

Publisert 11.07.2019 kl. 17.00.

Vegarbeidet på fylkesveg 53 mellom Øvre Årdal og Holsbru blir stogga frå og med i ettermiddag og tek ferie til og med 4. august, opplyser Årdal kommune på sine heimesider.


Det tyder med andre ord at det blir fri ferdsle på strekninga, som sidan i mai har hatt periodevis stenging på grunn av arbeidet med vegen og førebuing til den nye tunnelen som snart skal sprengjast.


I midten av mai var vegen heilt stengt i to heile veker, sidan har det vore stengt i periodar på om lag to timar i samsvar med bussrutene, slik at bussane får passera.


- Me startar oppatt med arbeidet 5. august og vil då halda fram med to timarssteningar som før, opplyser Statens vegvesen.


 


Les meir om: Nyhende Årdal