Ellevillt på kjøkenet

Kvar laurdag framover mot jul blir det elleville scener på Sogn Avis sine nettsider i serien «Bak disken».

Publisert 26.11.2016 kl. 07.14. Oppdatert kl. 20.01.

Her skal ein del kjende personar frå Sogn stå for julebaksten. Det heile skal filmast, redigerast og sendast i om lag 15 minuttar lange innslag, der det siste går vesle julaftan. Då blir det også ei uhøgtideleg kåring av ein vinnar.

OPPTAK: Bak kameraet er Håvard Nesbø, deltakarane saman med stuntreporter Helge Nesse Slinde er kraftverkssjef Anneli Nesteng og politikar Marie Helene Brandsdal.

Utan oppskrift

Me får her møta folk som aldri før har baka, dei som kan baka, dei som trur dei kan baka, og me kan lova latter, rekonstruksjonar, meir latter, gode historier frå Sogn, om personlege juletradisjonar, om eigne syn på jul og kvardag. I Bak disken ein førjulsprat, blir ein betre kjent med eit knippe personar busett i Sogn.


Skuldersenking

- Jula og førjulstida har for mykje seriøsitet. Dette ville me gjera noko med. Me håpar at mange finn programserien interessant og tek seg tid til å senka skuldrene sine litt no i desember. I alle fall for 15 minutt i slengen. Me greidde i alle fall å få senka skuldrene på deltakarane våre, seier Helge Nesse Slinde, stuntreporter i serien.


Me får møte to nye deltakarar i kvart program.


Ulike kommunar

Her kjem både fotballspelarar, politikarar og andre meir eller mindre kjende personar i Sogn. Alle profilane som er med representerer ulike kommunar i Indre Sogn.


- Me blir mykje betre kjende med personane på ein heilt ny måte, i alle fall nesten alle. Nokre av dei som er med er godt kjende for å aldri greie å halda heilt stilt. Som den fyrste duoen som skal i aksjon i dag, Henning Rivedal og Jens Brekke.


Då svingar temaet naturleg nok innom nynorsk, juletradisjonar i Sogn og Sunnfjord. Røvarhistorier frå Jens sin rikhaldige humane harddisk. Men kan karane bake? Prata kan dei i alle fall, resten står att å sjå.


Avsporingar

Slinde er den som prøver å halda deltakarane på rett kjøl. Ikkje alltid like enkelt ifølgje han sjølv.


- Der er mykje avsporingar, mykje kreativitet. Veit du forresten skilnad på desiliter og liter? Det er det ikkje alle deltakarane som gjer. Viste du at julefeiringa på Afrikas vestkyst har mykje likskapar med vår eiga julefeiring? Me får blant anna bli betre kjent med to aktørar som trivs best heilt andre plassar enn ute i dalatrekken i Sogn.