JUBLAR: - Eg jublar for elevane i Sogn og Fjordane. Dei gjer ein solid innsats på skulen, og det lovar godt at dei følgjer undervisninga, seier stortingsrepresentant Frida Melvær frå Høgre. Her frå skulestarten 2017 ved Sogndal vidaregåande skule. (Arkivfoto)

Elevane her i fylket har det lågaste fråværet i landet

Stortingsrepresentant jublar.

Publisert 28.08.2018 kl. 15.35.

Utdanningsdirektoratet har tysdag offentleggjort mellombelse tal for fråvær i den vidaregåande skulen. Ein elev i vidaregåande skule har i gjennomsnitt 6,2 dagar og 17,2 timar fråvær. Sogn og Fjordane har det lågaste fråværet i landet. Dagsfråværet her er 5,1 dagar i gjennomsnitt, medan timefråværet er 13,6 timar.

- Eg jublar for elevane i Sogn og Fjordane. Dei gjer ein solid innsats på skulen, og det lovar godt at dei følgjer undervisninga, seier stortingsrepresentant Frida Melvær frå Høgre.


- Var rett

Fråværet i den vidaregåande skulen her i landet held seg stabilt, etter at det gjekk kraftig ned då fråværsgrensa vart innført for to år sidan. Elever som har meir enn ti prosent udokumentert fråvær i eit fag, vil som hovedregel ikkje få karakter i faget. Timesfråværet har gått litt opp frå førre år, men er framleis langt lågare enn før fråværsgrensa vert innført, går det fram av ei pressemelding.


- Fråværet i skulen gjekk ned 40 prosent nasjonalt då fråværsgrensa vert innført. Den positive utviklinga held fram. Det syner at innføringa av fråværsgrensa var rett, meiner stortingsrepresentant Frida Melvær frå Høgre.


Dyktige lærarar

Ho understrekar at ein god skule med lærarar som gir elevane mestringskjensle, er viktig.


- Ein god skule startar med fagleg dyktige lærarar. Difor har Høgre i regjering gitt vidareutdanning til 20.000 lærarar. Vårt arbeid med å styrka kompetansen i skulen held fram, og med fråværsgrensa sørgjer me også for at elevane er til stades i undervisninga.


Les meir om: Nyhende Politikk Utdanning