FJERNING: Landbruks- og matminister Olaug Bollsestad (KrF) i midten fekk klar melding med seg etter besøket i Aurland. Sauebøndene vil ha fjerna saltsteinsforbodet i Nordfjella. Fv. Sigrid Hjørnegård, Noregs Bondelag, Jon Lilleslett, sauebonde frå Hol, statsråd Olaug Bollestad, Lars Petter Bartnes Noregs Bondelag, Eldrid Grønsberg, sauebonde frå Aurland, Kjersti Hoff, Norsk Bonde- og Småbrukarlag og Lars Erik Wallin frå Norsk Sau og Geit. (Foto: Noregs Bondelag)

Eldrid vil ha fjerna saltsteinsforbodet i Nordfjella

- Det er vanskeleg for oss å driva med utmarksbeiting med eit saltsteinforbod.

Publisert 30.08.2019 kl. 18.00.

Det seier sauebonde i Aurland, Eldrid Grønsberg. Denne veka møtte ho, og bonde Jon Lilleslett frå Hol, landbruks- og matminister Olaug Bollestad saman med landbruksorganisasjonane.


- Heng ikkje på greip

- Medan risikoen går ned, går tiltaka opp. Dette heng ikkje på greip. No må ministeren på bana slik at me får tiltak som let seg gjennomføra i praksis, seier leiar i Noregs Bondelag Lars Petter Bartnes. Han peikar på at beitenøringa er opptekne av å samarbeida med styremaktene for å få bukt med skrantesjuka.


Villreinen i Nordfjella vart slakta ut for å hindra spreiing av den smittsame viltsjukdomen. Salteplassane er stengde av, for å unngå at smitte i bakken spreier seg til andre dyr. Men bondelaget seier salt er viktig for trivselen til sauene. Saltsteinane fungerer også som samlingsplass for dyra.


Spreier sauene

For sauebonde Eldrid Grønsberg gjer saltforbodet at sauene vert meir urolige.


- Sauene går over eit mykje større område når dei ikkje har faste salteplassar som eit haldepunkt. Dei vert urolige, og det er sopass store område at eg ikkje klarar å halde tilsynet på ei veke.


Ho er spent no før sankinga. Fleire bønder opplever at dyra kjem ned frå fjellet fleire veker for tidleg.


Innspel til Bollestad

Inn i møtet med statstråd Bollestad hadde beitebrukarane med seg fleire forslag til løysingar for salting med lægre smitterisiko. Regelmessig flytting av saltsteinar i god avstand frå gamle salteplasser, eller saltsteinar som kun dyr med øyremerke har tilgang til, er to løysingar som kan gje dyra tilgang på salt, og svært liten fare for smittespredning, meiner Bondelaget


- M og bøndene med sau som beitar i Nordfjella har samarbeida om å kartleggja salteplassar, og å sanera villreinen. I møtet ba me Bollestad ta med seg desse innspela til Mattilsynet. Slik kan me få eit føreseieleg regelverk som er meir praktisk innretta i neste beitesesong, seier Bartnes.


Les meir om: Nyhende Aurland