Ein syklist døydde i trafikkulukka i Raudbergtunnelen. (Foto: Morten Sortland, Sogn Avis)

Eldre mann omkom i trafikkulukke

Ein syklist i 80-åra omkom etter å ha vorte påkøyrd inne i Raudbergtunnelen i Lærdal.

Publisert 21.03.2017 kl. 10.24. Oppdatert kl. 15.51.

Politiet fekk melding om ulukka på fylkesveg 243 klokka 09.50 tysdag.


- Syklisten kom frå Erdal. Ein bil som kom bak han i tunnelen, køyrde borti han, og det fekk eit tragisk utfall, seier innsatsleiar i politiet, Helge Øvstetun.


Både syklisten og bilen var på veg i same retning.


- Ulukka skjedde eit lite stykke inn i tunnelen, nokre titals meter frå tunnelopningen.

Ulukka skjedde på fylkesveg 243 i Raudbergtunnelen. (Kart: Kartverket)

Sperra av området

Då politiet kom til staden, hadde mannskap frå brann- og redning sperra av området, og helsepersonell dreiv med hjarte- og lungeredning, fortel Øvstetun.


- Det var forsøkt gjenoppliving, men det lukkast diverre ikkje.


Politiet gjekk kort tid etter ulukka ut med informasjon om at det var snakk om ei alvorleg ulukke. Klokka 11.40 opplyste politiet på twitterloggen at syklisten, ein mann i 80-åra, var død.

Naudetatane vart sende til staden. (Foto: Morten Sortland, Sogn Avis)

Kriseteam

Det var to personar i bilen, ei kvinne og en mann. Begge er, ifølgje politiet, fysisk uskadde.


- Dei vart sende til helsekontroll, og sette i kontakt med kriseteamet i kommunen som tek seg av dei, fortel Øvstetun.


Politiet vil gjennomføra avhøyr med dei to så snart som råd.


- Me ynskjer å få deira versjon så tidleg som mogeleg, seier Øvstetun.


- Smal tunnel

Ulukkesgruppa til vegvesenet er tysdag ettermiddag på staden.


- Det er rutine at dei bistår og gjer sine eigne undersøkingar, seier Øvstetun.


Krimteknikere fra politiet er også på staden. Øvstetun kan tysdag ikkje seia noko om korleis sykkelen og syklisten var utstyrt.


Øvstetun skildrar Raudbergtunnelen som smal.


- Det er ei vegbane utan midtstripe. Det er ein smal tunnel.


Øvstetun opplyser at det er lys i tunnelen.


- Det er taklys, men det er ikkje ein veldig lys tunnel, seier Øvstetun og legg til at trafikken på strekningen normalt sett er liten.


Politiet vil halda fram med etteforsking av ulukka.


Les meir om: Nyhende Lærdal Politi