SKREDOMRÅDET: Frå området ved Togga der skredet gjekk torsdag. (Foto: Gaute Heggvold)

Ein person teken av snøskred

Ein person kom seg laus på eiga hand, etter at han vart teken av eit snøskred torsdag føremiddag.

Publisert 23.02.2017 kl. 12.00. Oppdatert kl. 14.15.

Torsdag føremiddag gjekk det eit om lag 100 meter breitt snøskred på Togga i Sogndalsdalen. Det var to personar i området, og ein av dei vart teken av skredet. Vedkomande kom seg laus frå skredet på eiga hand.


Det var ikkje fleire personar i skredområdet, og ifølgje politiet var det dei to personane som løyste ut skredet. 


Politiet skriv på Twitter at det er stor snøskredfare i området ved Togga. Det same melder Fjellsportfestivalen om på si twitterside. 


- Mo oppmodar alle til å sjekka på varsom.no, og følgja råda for skredvarsel, skriv Fjellsportfestivalen.