Foto: Magne Schanke Eikum

Ein person skadd i trafikkulukke

Ein person vart skadd i ei trafikkulukke i Marifjøra i Luster laurdag føremiddag.

Publisert 03.03.2018 kl. 11.34.

Klokka 10.54 laurdag føremiddag fekk politiet melding om ei trafukkulukke i Marifjøra. Ifølgje politiet var eitt køyretøy involvert og ein person skulle vera skadd.


- Det er er ein bil som har gått rundt og blitt liggjande på sida. Den skadde er sendt til sjukehus med ambulanse. Det er meldt om glatt vegbane på staden, seier operasjonsleiar Arve Samsonsen ved Vest politidistrikt klokka 12.10 laurdag.


Les meir om: Nyhende Luster Politi