Ei brevdue ute av kurs landa på verandaen til Tor Arne. No har han funne eigaren

Brevdua, som skulle ha vore på veg heim til Stavanger, landa i staden på Kaupanger.

Publisert 20.06.2019 kl. 10.40.

Søndag opplevde Tor Arne Hov og familien at ei due landa på verandaen deira i Kaupanger.


- Eg var i gang med grilling av søndagsmiddag, og vart litt overraska då dua pluteseleg dukka opp. Ho lurde nok på kvifor eg hadde kyllingfilet på grillen, seier Hov, og fortel at dua var veldig tam og at dei kom heilt inntil ho.

MERKA: Dua var merka med nummer. (Foto: Privat)

Frå Stavanger

- Me såg då at ho var merka på begge føtene, og det var nummer der. Litt googling gjorde at me fann ut at det var ei brevdue, og at dette er ein stor sport for dei som er interesserte.


Hov fann kontaktinfo til Norsk Brevdueforbund, og sende sms til presidenten der.


- Det var svar med ein gong, og etter å ha lese av nummeret på merka, var eigaren lokalisert.


Det synte seg at det var ein mann i Stavanger som eigde dua. Hov sende han ei melding, og fekk raskt svar.


- Han sakna dua si. Han hadde hatt dueslepp på Valdresflya laurdag, og mangla fire duer. Etterkvart fekk me stadfesta at dette var hans, ein flott hann, som nok hadde kome ut av kurs på veg heim mot Stavanger.


Passar seg for katten

Det som ikkje tykte noko om besøket, var katten i huset.


- Men no har me avtalt at dua vert henta, og ho har funne plassen sin på verandaen i andre etasjen, der katten ikkje når opp. Me held ho med vatn og havregryn, og sjølv om det må tørkast litt avføring, er det kjekt å vere til hjelp for ein due-entusiast, seier Hov, og legg til at han ikkje visste at slike fantest.


- So då vert nok dua frakta i kasse tilbake til Stavanger, og er klar for nytt dueslepp om ei stund.


Les meir om: Foto/Video Nyhende Sogndal