Egon Askvik døydde nyttårsaftan. Her er han fotografert i Leikanger kyrkje jula 2015. (Arkivfoto: Sigrid Svartefoss)

Egon Askvik er død

Nyttårsaftan om morgonen sovna Egon Askvik (58) fredfullt inn med alle dei næraste rundt seg.

Publisert 02.01.2017 kl. 15.03.

«Det er eit stort tap for familien, men også for kyrkjelydane i Leikanger og Sogndal, og for kyrkja i Sogn. Kyrkjelydane har mista ein dyktig sokneprest og ein god sambygding. Me har mista ein kjær kollega og ein god ven», skriv Kyrkja i Leikanger og Sogndal på heimesida si.


Systrendingar har følgt med korleis Askvik har kjempa mot den alvorlege kreftsjukdomen.


Presten har vorte kjend for det brennande engasjementet sitt, og det hadde han heilt til det siste. Julaftan samla han nok krefter til å koma til kyrkja på den tredje og siste framføringa av Julespelet. Under stjernehimmelen, med gjetarar og englar, bad han for flyktningar, sjuke og einsame og lyste velsigninga over alle.


Ein bauta

Mange vil minnast Egon prest som har sette djupe spor etter seg, og som han har vorte ein kjær og omtykt prest hjå folk i bygda, same kvar dei står i trusbiletet.


Han er soknepresten som gjekk på dørene til sokneborna sine, over hundre kyrkjefolk i alderen 0 til 100 år, og snakka om kyrkja, om tru og om Gud, og vart med det unike bokprosjektet lagd merke til utover heile landet.


- Med denne boka vil eg gje ei stemme til sokneborna. Kor ideen kom frå? Kanskje frå Gud sjølv. Gud veit, sa Egon Askvik til Sogn Avis på boksleppet til Kyrkjefolk i oktober 2015. Minst 300 systrendingar fylte salen på Saften denne oktobertorsdagen i 2015.


Julespel

Juleevangeliet har Askvik gjort biletleg for alle systrendingar. Den ærverdige steinkyrkja har vorte julaftans stall. Midt i dramaet sit kyrkjelyden. Andektige opplever dei juleevangeliet med Jesusbarnet, Maria og Josef, englane, dyra og gjetarane.

Eller prosjektet med kveldssongar som familien tok initiativet til.

Ein sommarvarm julidag var Egon Askvik og familien samla i Leikanger kyrkje, saman med vener og bygdefolk. Plateprosjektet «Over stjernebru» med kjende og mindre kjende kveldssongar og salmar, skulle spelast inn.

Då cd-en vart lansert ein oktoberkveld, stod køen ut og forbi kyrkjeporten. Frå heile Sogn strøymde folk til Leikanger for å vera med på lanseringa av cd-en. Folk sat tett i tett i kyrkjebenkane, song med, ei og anna tåre rann, og dei stod i kø for å takka presten for opplevinga.

«Jeg kjenner meg rikere enn da jeg kom, og gleder meg alt til å gjenhøre denne mektige kvelden i Leikanger kyrkje», skreiv den tidlegare kjende gatepresten Thor Brekkeflat, og denne oktoberkvelden var det mange som gjekk heim att nynnande på ei kveldssalme som askvik5 hadde hjelpt dei å kalla fram att i minnet.

Askvik vil verta gravlagd ved kyrkja i Leikanger, medan gravferda vert frå Stedje kyrkje fredag 6. januar.


Les meir om: Nyhende Leikanger

Siste saker Gå til framsida