E39 vert nattestengd

Nye røyr under E39 fører til nattestenging ved Førde natt til torsdag.

Publisert 13.08.2019 kl. 12.48.

Ei ny stikkrenne og fleire trekkerøyr skal gravast ned under E39 ved Bruland i Førde denne veka. Det førebuande arbeidet er i gang, og frå klokka 09 onsdag og fram til klokka 18 fredag vil det bli lysregulering eller manuell dirigering på staden.


Frå klokka 23.45 til 06.00 natt til torsdag vil vegen verta heilt stengd. I denne perioden er det berre naudetatane som kan passera, opplyser politiet.


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk