E16 er open att

Ei steinblokk har lausna frå tunneltaket i Jamnatunnelen på E16.

Publisert 07.11.2019 kl. 08.50. Oppdatert kl. 09.57.

Torsdag morgon vart det meldt om at ei steinblokk hadde lausna frå taket i Jamnatunnelen på E16 i Vaksdal. Blokka vart liggande på ei kabelbru, melder Bergens Tidende.


Det vart meldt om lange køar både retning Bergen og retning Voss og omkøyring er via fylkesveg 79 i Hardanger. 


Vegtrafikksentralen melde klokka 09.10 at vegen er open att etter oppryddingsarbeid. 


 


Les meir om: Nyhende Notis Trafikk