Det var rikeleg med plast å ta hand om for ryddegjengen på Skjolden i helga. (Alle foto: Karlis Bremers)

Dugnadsgjeng rydda store mengder plast

Over 50 møtte opp til ryddeaksjon.

Publisert 21.10.2018 kl. 19.29.

Ryddedugnaden på Skjolden engasjerte mange, og ryddegjengen fekk gjort mykje.


- Sidan det var så godt oppmøte, gjekk arbeidet relativt bra. Me har ikkje moglegheit til å ta dei tyngste rundballane, men tok det som var laust, seier Karlis Bremers i Skjolden bygdelag.


Om lag 50 var med dugnaden som i hovudsak føregjekk på laurdagen.


- Me byrja difor også å starta ryddinga på badestranda i Skjolden som er veldig populær og mykje brukt om sommaren. På denne stranda er det kome mykje drivved, seier Bremers.


Flaumen sist helg har lagt att plast og skrot ulike stader. Som kjent har kystverket vore i aksjon i fjorden, og Bremers fortel at bygdefolket er særs takksame for det.


På land er det mykje arbeid att.


- Det meste av lausplasten er fjerna, men me er langt frå ferdige. Det er fortsatt mykje ryddejobb som står igjen både i Mørkridsdalen og Skjolden etter flaumen, seier Bremers.


 

Ryddeaksjonen på Skjolden samla ein dugnadsgjeng på om lag 50 personar.


Det er mykje å rydda opp i etter flaumen.


Det blir nokre tunge løft når store stokkar skal fjernast.

Siste saker Gå til framsida