FOR BREITT: Eit polsk vogntog var i breiaste laget og fekk køyreforbod etter ein kontroll på Håbakken søndag. (Illustrasjonsfoto)

Dårleg sikra last førte til køyreforbod

Eit polsk vogntog fekk køyreforbod fordi det var for breitt under ein kontroll på Håbakken søndag.

Publisert 20.08.2018 kl. 06.04.

Lasta var for dårlig sikra slik at det hadde gjort vogntoget for breitt. Køyretøyet hadde også ei sprukken frontrute.

Det var Statens vegvesen som gjennomførte kontrollen. Ti køyretøy vart kontrollerte.

Ein norsk lastebil fekk 3250 kroner i overlastgebyr. Dette fordi sjåføren køyrde med løfta boggiaksling som gjorde at drivakslingen vart overlasta. Tilhengaren til vogntoget hadde også feil på ABS bremsane.

Eit norsk vogntog fekk bruksforbud grunna eit punktert framhjul.


Vaksenopplæring

Ein litauisk bussjåfør fekk litt opplæring i regelverket for køyre- og kviletid. Han var passasjer i den bussen han køyrde til vanlig i den perioden han skulle ha vekekvile.


- Det er ikkje greitt å ha kvile i eit køyretøy som er i rørsle og som du seinare skal køyra vidare, skriv vegvesenet i ei melding.