BRENNMANET: Dr. Jan Einar Vaage i Tryg Legehjelp kjem med gode råd til å behandla brennmanetskadar. (Foto: Tryg)

Dette er dei mest effektive metodane mot brennmanetskadar

Kjerringråd kan gjera vondt verre.

Publisert 14.07.2019 kl. 10.05.

Rapportar fra Havforskningsinstituttet viser at oppblomstringa av brennmanetar er ekstra stor i år. Faren for å bli brent er difor høgare enn normalt. Då kan det vera greitt å vita om gode råd som fungerer.
 
- Mange har sikkert høyrt at det å smørja på yoghurt, dryssa på talkum, dynka med dispril-oppløysing i vatn, hella på urin eller gni ein glassmanet mot skaden skal hjelpa. Diverre vil alle desse forslaga heller auka enn å redusera plagene, seier Dr. Jan Einar Vaage i Tryg Legehjelp.


Solkrem

Trådane til ein brennmanet kan bli fem meter lange, i tillegg er dei nærast usynlege i vatnet. Det første rådet er å sjekka vatnet godt før du hoppar uti.
 
- Skulle du vera uheldig å koma borti brenntrådane er rådet mitt å symja roleg vekk. Startar du å kava kan du lett virvla opp brenntrådar som vert sugd mot deg. Bruk av vatnfast solkrem er også eit godt råd, seier Vaage.


Fjern trådene før behandling

Det er svært viktig at alle brenntrådane er vekke før ein startar behandlinga. Slurvar ein med dette, kan resultatet vera at behandlinga forverrar plagene.
 
- Bruk hanskar og fjern trådane enklast i saltvatn, ikkje bruk ferskvatn då dette kan utløysa endå meir gift, seier Vaage.
 
Om trådane er veldig vanskeleg å fjerna, har han nokre gode tips.


Sand og barberhøvel

- Å gni sand blanda med sjøvatn på det brende området kan vera effektivt. Eit anna råd er å nytta barberskum og barberhøvel eller liknande for å skrapa bort restane av brennmaneten, seier han. Og legg til:

- Mange gnir og klør på det skada området. Dersom ikkje alle trådane er fjerna vil dette føra til at gifta vert pressa djupare ned i huda og blir spreidd over et større område. Forbrenninga blir dermed verre.


Varmt vatn

Det enkle er ofte det beste, også for å lindra brennmanetskadar.
 
- Ein god og lindrande behandling kan vera varmt vatn. På apotek får du kjøpt lokalbedøvande krem/kortisonkrem som også er effektiv både mot svie og kløe. Legekontakt er berre naudsynt ved kraftig allergisk reaksjon, seier Vaage.
 


Les meir om: Nyhende Helse

Siste saker Gå til framsida