FRÅVÆR: Sjukefråværet i Vestland i første kvartal 2019. (Kjelde: Nav)

Desse sju bransjane blir prioriterte for å få ned sjukefråværet

Per 1. kvartal i 2019 var det legemeldte sjukefråværet i Hordaland og Sogn og Fjordane 5,5 prosent.

Publisert 12.06.2019 kl. 08.45.

Sjukefråværet er noko høgare i Hordaland med 5,5 prosent samanlikna med Sogn og Fjordane som har 5,3 prosent. Til saman 913.762 dagsverk gjekk tapt i Vestland i 1. kvartal fordelt på Hordaland med 763.049 og Sogn og Fjordane med 150.713. Dette svarar til om lag 4000 tapte årsverk, går det fram av ei pressemelding frå Nav Vestland.


Det er framleis høgast sjukefråvær innan helse- og sosialtenester i begge fylka, Hordaland med 8,1 prosent og Sogn og Fjordane med 7,7 prosent.


- Treff godt i Vestland

Direktør i Nav Vestland, Anne Kverneland Bogsnes fortel at det er fleire bransjar innan helse blant dei sju bransjane som partane i IA-avtala no skal retta innsatsen mot for å redusera sjukefråvær og fråfall.


Dei sju bransjane er sjukehus, sjukeheim, barnehagar, leverandørindustrien - olje og gass, næringsmiddelindustrien, rutebuss og persontrafikk og bygg og anlegg


- Både erfaring og førebels analyser av sjukefråværet i Vestland, viser at dette treff godt med tanke på korleis sjukefråværet ser ut i våre fylke. Me jobbar no med å kartleggja den enkelte verksemda i nemnde bransjar i kvar region. Bransjane har ulike utfordringar, og me håper å treffa betre med virkemidla når me går spesifikt inn i kvar bransje, seier Bogsnes.


Det lågaste fråværet finn ein innan omsetning og drift av fast eigedom i Sogn og Fjordane (2,1 prosent) og i informasjons- og kommunikasjonsbransjen i Hordaland (2,9 prosent).


Muskel- og skjelettlidingar

Det er høgst sjukefråvær i aldersgruppa 55-64 år, og lågast blant dei under 25 år. Sjølv om denne gruppa har lågt fråvær er det òg blant dei yngste at fråværet aukar mest.


Det er høgast sjukefråvær på Radøy (7,5 prosent), Solund (7 prosent), Vaksdal og Gulen (begge 6,7 prosent). Kommunane med lågast sjukefråvær er Aurland (3,3 prosent), Fedje (3,7 prosent) og Fjaler (4 prosent). Dei to klart største diagnosekategoriane i begge fylka er muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. Til saman utgjer desse om lag 60 prosent av alle sjukmelde. ?


Om lag 20,6 prosent av sjukmeldingane i Hordaland var gradert i dette kvartalet. I Sogn og Fjordane er talet 25 prosent. Det totale sesongjusterte sjukefråværet i landet er no på 5,9 prosent.


Samanlikna med 4. kvartal 2018 var det ein auke i det eigenmelde sjukefråværet på 4,3 prosent, medan det legemelde auka med 0,6 prosent. Samla var det ein auke på 1,1 prosent.


Les meir om: Nyhende Helse Næringsliv

Siste saker Gå til framsida