DUGNAD: Den samla verdien på dugnadsinnsats på prosjekta det er søkt om midlar til, er berekna til 3.259.850 kroner. Her er Olav Steig (t.v.) og Finn Sundby i sving på dugnad ved Leikanger kyrkjelydshus. (Foto: Huset i Bygda)

Desse kulturbygga får støtte: - Måtte gjera tøffe prioriteringar

42 lag og organisasjonar har i år søkt om gåvestøtte frå Huset i Bygda.

Publisert 25.06.2019 kl. 10.09.

- Kvaliteten på søknadane er høg og vert stadig betre. Det var naudsynt med tøffe prioriteringar, og det var mange gode prosjekt som diverre fekk avslag, då det var fleire søknadar enn disponible midlar i år, fortel Christoffer Knagenhjelm, ansvarleg for Huset i Bygda i Sogn og Fjordane.

Den samla søknadssum i 2019 var på 3.580.146 kroner. Huset i Bygda ser at utviklinga med høg søknads- og dugnadsaktivitet kring dei lokale kulturhusa ikkje viser teikn til å stogga opp, heiter det i ei pressemelding.

Desse bygga fekk gåvemidlar i 2019:

  • Atløy kulturhus SA, Askvoll: 40.000 kroner
  • Bulandet bygdahus, Askvoll: 50.000 kroner
  • Dalen grendahus, Bremanger: 50.000 kroner
  • Grendehuset Gimle SA, Gloppen: 60.000 kroner
  • Lavikdal UL, Høyanger: 50.000 kroner
  • Leikanger kyrkjehus, Leikanger: 50.000 kroner
  • Midthjell og Lefdal grendalag, Eid: 45.000 kroner
  • Selje samfunnshus, Selje: 25.000 kroner
  • Stavøy grendahus, Flora: 80.000 kroner
  • Øvrebotten grendahus, Gualar: 50.000 kroner
  • Totalt: 500.000 kroner


Frå 2019 overtok Huset i Bygda ansvaret med å administrera ordninga med gåvetilskot til lagseigde kulturhus frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane. Ordninga er framleis finansiert med midlar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Huset i Bygda (HiB) vart etablert av Sogn og Fjordane Ungdomslag (SOFUL) i 2010. Formålet med HiB er å hjelpa, støtta og inspirera alle organisasjonseigde kulturbygg i Sogn og Fjordane, går det fram av pressemeldinga.


Les meir om: Nyhende Kultur Økonomi