TIL ÅRDAL: Sondre Justad er mellom dei første artistane som er klare for Målrock 2019. (Arkivfoto: Bjørnar Øvrebø)

Desse er klare for Målrock

Målrock har no dei fem første artistane klare til neste års festival.

Publisert 06.12.2018 kl. 10.13.

Målrock satsar på at festivalen i 2019 blir ein verkeleg folkefest med The September When, Sondre Justad, Vestlandsfanden, Olav Stedje og sogndalsrockarane i Tyyl, heiter det i ei pressemelding frå arrangørane.
  
- Me ser at publikum ynskje endå meir preg av folkefest enn tidlegare, og med desse fem kanonartistane så så ligg alt til rette for nettopp dette, seier festivalsjef i Målrock, Thomas Norheim Moen.

Han legg til at det sjølvsagt er det ekstra stas å landa dei to storfiskane The September When med Morten Abel i spissen, og den populære popstjerna Sondre Justad, som han kan opplysa har vore etterspurd av festivalen sitt trufaste publikum.

- No er det berre til å gleda seg til Målrock 2019.

Målrock 2019 går av stabelen i Årdal 9.-11. august.


Les meir om: Kultur Nyhende Festival Årdal

Siste saker Gå til framsida