OPPKØYRT: Jørgen Hundseth i kommunen køyringa på plassen må ha skjedd torsdag kveld. No håper han at dei som står bak, melder seg. (Foto: Jørgen Hundseth)

Denne parkeringsplassen var akkurat planert og grusa. No ser det slik ut

- Dette er veldig kjedeleg, særleg når det skal vera eit stort skytestemne her i helga.

Publisert 14.06.2019 kl. 13.00.

Det seier Jørgen Hundseth i kommunen. Han har hatt ansvar for opparbeiding av parkeringsplassen som skal brukast av folk som skal gå Keipenstien og dei som skal bruka skytebana i Esebotn i Balestrand.


Torsdag var arbeidet ferdig, og parkeringsplassen stod klar til å ta imot skyttarar som skal delta på stemnet i helga. Men fredag morgon var situasjonen ein heilt annan.


- Me fekk sjokk. Heile plassen er køyrt opp av bilragging. Slikt kan vera greit på ein asfaltert plass, men på ein plass der det er kosta på med grus, er det øydeleggjande, seier Hundseth.


No håper han dei som står bak, melder seg og får ordna opp.


- Viss ikkje nokon melder seg, vil me følgja opp saka, eventuelt med politiet, seier Hundseth.


Les meir om: Nyhende Balestrand