RØYSTERETT: Beate Bondevik Lie, ordførarkandidat for KrF i Luster, Trude Brosvik, fylkesordførarkandidat for KrF i Vestland, og Frode Kleppe Holgersen, listekandidat for KrF i Sogndal, er mellom utsendingane til KrF sitt landsmøte. Dei vil kjempa for røysterett for 16-åringar ved lokalval. (Pressefoto)

Delegasjon frå Sogn vil kjempa for røysterett for 16-åringar

Frode Kleppe Holgersen og Beate Bondevik Lie har fått fylkesordførarkandidat Trude Brosvik med på laget. No reiser dei saman til KrF sitt landsmøte for å få partiet til å vedta at 16-åringar skal få røysterett ved lokalval.

Publisert 17.04.2019 kl. 09.55.

Frode Kleppe Holgersen trur senka røysterettsalder vil vera med på å styrka det politiske engasjementet blant dei unge, og bidra til å gjera endå fleire unge til aktive medborgarar i sine eigne kommunar.


- Det er enkelt å bruka fine ord om at me vil ha dei unge med i lokaldemokratiet, no vil me følgja det opp med konkret handling, seier Holgersen, som er listekandidat for KrF i Sogndal kommune.


Då Sogndal, Leikanger og Balestrand hadde folkeavstemming om kommunesamanslåing i 2016, valde alle dei tre kommunane å la 16-åringane vera med og stemme.


- Når me meiner 16-åringane er gamle nok til å seia si meining om eit så komplisert tema som samanslåing av kommunar, meiner eg dei òg må vera gamle nok til å vera med og rlysta på kven som skal sitja i kommunestyret i den nye storkommunen, seier Holgersen.


Gav meirsmak

I Luster er dei ikkje ukjende med å la 16-åringar røysta ved kommuneval. Kommunen var med i ei forsøksordning ved vala i både 2011 og 2015, der 16 åringane fekk røysta.


- Erfaringane våre var berre gode, seier Beate Bondevik Lie i Luster KrF.


Ho meiner at det er fleire argument for å la 16-åringane få røysta enn for at dei ikkje skal få det. Dette er heller ikkje nokon ny tanke, fleire land i Europa har alt innført stemmerett for 16-åringar i lokalval, vert det peika på i pressemeldinga.


Godt representert

Når KrF samlast til landsmøte første helga etter påske, stiller Sogn sterkt. Medan Luster KrF har ein delegat med Beate Bondevik Lie, har Sogndal KrF to delegatar. Forutan Holgersen stiller Jorunn Alme Høines som delegat frå KrF kvinner, der ho har ein plass i sentralstyret.


Bondevik Lie og Holgersen argumenterer òg for at dei har ein fjerde sogning med seg på landsmøtet, fylkesordførarkandidat Trude Brosvik. Brosvik har pendla aksen Balestrand-Leikanger-Sogndal jamleg dei siste åra som medlem i fylkesutvalet og gruppeleiar for KrF i fylkestinget.


- Det er ikkje mange som har teke så mange kampar for oss i Sogn som Trude, kjenner utfordringane våre så godt, og veit kva styrken vår er, seier Frode Kleppe Holgersen, som ser fram til å setja Sogn på kartet når partiet samlast i Stavanger 26.-28.april.