FEKK PRIS: Åge Eitungjerde og Eli-Grete Høyvik i Balholm står bak Noregs beste fruktvin. (Arkivfoto)

Dei har laga årets beste fruktvin

Måndag vart Norges beste eplemost, sider og fruktvin kåra.

Publisert 05.02.2019 kl. 13.13.

Det var rekorddeltaking på 10-årsjubileet til kåringa av Årets beste eplemost, sider og fruktvin. Utdelinga fann stad måndag, og mellom vinnarane var Balholm. Produsenten frå Balestrand fekk prisen for årets fruktvin for Handverkcider med bær.

- 20 produkt har vore med, og dette er kategorien med størst variasjon, sa Arne Hjeltnes før han annonserte vinnaren.

- Me er veldig stolte og dette var veldig kjekt, seier Ragnhild Eitungjerde, dotter til Åge og Eli-Grete, som starta Balholm-eventyret på midten av 90-talet. 

Ho bur i Oslo og var til stades under prisutdelinga saman med sonen sin på ni månadar.

- Han var ikkje så interessert å vera der så lenge, men me fekk med oss den fine grunngjevinga før me måtte reisa, seier Eitungjerde, og legg til at det alltid er kjekt at produkta deira blir sett pris på.

- Me merkar at det er ei veldig markant sider-bølgje om dagen. Sider tek større marknadsandel i forhold til vin og boksesider. Folk set meir og meir pris på ekte kvalitet.

Ho slår fast at at ekte kvalitet er det som står i høgsetet hjå famileverksemda. Balholm vart også Årets produsent under Matprisen i november 2018. I tillegg har dei vunne fleire prisar tidlegare.

I jubileumsåret stilte 40 produsentar med over 130 produkt i konkurransen. Den nye og utvida juryen leia av Espen Blåfjelldal, har smakt seg fram til tre nominerte innenfor dei fem kategoriane, går det fram av ei pressemelding.

- Me kan markera 10-årsjubileet i trygg forvissing om framleis vekst i vidareforedling og utvikling hos fruktprodusentane i heile Noreg, seier Eivind Lønheim, styreleiar i Norsk eplefest, som arrangerer konkurransen saman med Hanen.


Årets prisvinnare er:

Årets reine eplemost

1. Discovery fra Fiskum fruktpresseri fra Stavum Gård

2. Årgang Askim Gravenstein fra Askim Frukt- og bærpresseri

3. Eplajucie Discovery fra Sjuragarden

Årets blandingsmost

1. Augon fra Nyhuus Gard

2 Vår egen eplemost, fra Thon Hotell Lofoten laget av Nyhuus Gard

3. Hurdalsmost fra May Britt Hagen Rognstad

Årets eplemost med fantasi

1. Spildemost Raud fra Spildegarden

2. Eplemost med blåbær fra Egge gård

3. Edel Eplemost med Solbær fra Åkre Gård

Årets sider

1. Flytende Solskinn fra Solhøi

2. Edel Sider fra Åkre Gård

3. Vindpust Eplesider fra Hardangergutane

Årets fruktvin

1. Handverkcider med bær fra Balholm

2. Mormors Hage med Bringebær fra Lerkekåsa Vingård

3. Gull Eple fra Lerkekåsa Vingård


Les meir om: Nyhende Balestrand