VANN: Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø gjekk heilt til topps og vann klassen på årets landsfestival. (Foto: Thomas Westling)

Dansa seg til topps på Landsfestivalen

Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø gjekk heilt til topps, og vann klassen pardans senior på årets landsfestival.

Publisert 23.08.2019 kl. 13.27.

- Landsfestivalen i gammaldansmusikk som vart arrangert i Kinsarvik 7. - 11. august er over, men dansen, spelet og det gode sosiale miljøet vil me som var der minnast lenge. Eit flott arrangement med mykje godt spel og god dans, seier Oddbjørg Ese, leiar i Jostedal spel- og dansarlag, i ei pressemelding.


Dans

Lystringen og Jostedal spel- og dansarlag stilte til konkurranse i lagdans senior med tre lag og 25 dansarar. Lystringen har i mange år gått av med seieren i lagdans, men måtte i år sjå seg slått av mellom anna Onsdagsringen og fekk 4. plass for sin reinlendar. Dei andre laga vart høvesvis nummer ti og nummer 13.


- I pardans senior stilte to par frå Jostedal spel- og dansarlag. Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø gjekk heilt til topps og vann klassen, noko som er ein stor prestasjon. Øygun og Johannes Kjos deltok i same klasse, men nådde ikkje opp denne gongen, seier Ese.


God deltaking

På spelesida var det også god deltaking. Mathilde Skjæret og Oda Heidi Bolstad spelte i Gamlebanken spelemannslag, som vann lagspel fele/hardingfele. Hafslobelgen fekk ein flott 3. plass i klassen lagspel durspel/trekkspel. Arve Bjørn Røneid og Baste Antun gjorde solid innsats på solo durspel og trekkspel. I den prestisjetunge gruppespelklassen var tre grupper frå Luster med. «Ein haile halve maone» kom høgast av desse med 12. plass.


Tidlegare i sommar var det landskappleik i Vågå. Jostedal spel- og dansarlag hadde også nokre deltakarar på landskappleiken; Dordi Boksasp Lerum deltok i vokal klasse C, og vart nr. 3 av 10 deltakarar. Mathilde Skjæret deltok i hardingfele klasse B, og fekk ein solid 5. plass, Oddbjørg Ese og Johannes Kjos deltok i dans hardingfele klasse A, og fekk ein delt 12. plass.


Les meir om: Nyhende Luster Musikk