VANN: Dagfinn Wendelbo med eitt av fylkets to flottaste juletre, som førte han til den nasjonale finalen. Der gjekk han til topps laurdag. (Arkivfoto)

Dagfinn har Noregs flottaste juletre

Gjekk til topps i nasjonal finale.

Publisert 30.11.2019 kl. 18.20. Oppdatert kl. 18.21.

Dagfinn Wendelbo vann kåringa Noregs flottaste juletre 2019 i Kristiansand laurdag.


Wendelbo vann med ei flott fjelledelgran, opplyser Norsk Juletre på sine facebooksider.


Fylkets flottaste

Juletreprodusenten frå Lærdal gjorde nyleg reint bord i kåringa av fylkets flottaste tre i Førde. .


Wendelbo sa då at han ikkje legg så mykje prestisje i å vinna konkurransen, men han er glad for merksemda ei slik kåring kan føra til.


- Eg håpar det kan bidra til å gjera folk meir medvitne om dette med naturlege juletre, seier Wendelbo.


Les meir om: Nyhende Landbruk Lærdal