Frå venstre ordførar Noralv Distad, Marte Tørud Håland og John Håland. (Foto: Inge Håvard Aarsk)og, Aurland kommune

Campingplass har sikra seg Miljøfyrtårn sertifikat

Flåm Camping og vandrarheim AS har fått Miljøfyrtårn sertifikat.

Publisert 05.07.2019 kl. 22.17.

Både Stiftinga Miljøfyrtårn og Aurland kommune har stor gleda av å gratulera med dette sertifikatet.
I ei pressemelding skriv ordførar Noralv Distad at verksemda med eigarar og tilsette har eit sterkt miljøengasjement og at dei har innarbeidd ordningar og system som på alle måtar kvalifiserer til miljøsertifikat.



Flåm Camping og vandrarheim er ei av dei største reiselivsverksemdene i Sogn og Fjordane med omsyn til tal gjester.
- Det er strålande at dei no får den viktige formelle godkjenninga som miljøfyrtårn, seier Distad.

- Aurland kommune er svært stolt av Flåm Camping og vandrarheim, som no framstår som ei endå sterkare og framtidsorientert bedrift, legg ordføraren til.



Les meir om: Nyhende Aurland