SPRELL: Her frå 2016 festivalen og Rakkar Open, (Foto: Ellen Oftedal Schwencke)

Byr på allsidig moro både inne og ute

- Kan det freiste med ein topptur i fantastiske omgjevnadar leda av nokre av Noreg sine fremste guidar?

Publisert 15.12.2016 kl. 07.00.

Eller føretrekk du morosame «gønnerun» i Rindabotn etterfølgt av skiskodans på afterski?, spør festivalsjef Ragnhild Fagerslett som i dag opnar for billettsalet til Fjellsportfestivalen 2017.


Mykje variert

Og Fjellsportfestivalen 2017 kan freiste med eit program for ein kvar smak, med fleire spanande og morosame kurs, føredrag, workshops og konkurransar på programmet.


- Me har satsa ekstra på å få til mange, gode føredrag og kurs i år. Me ynskjer at festivalen skal bli ein arena der folk kan utveksle kunnskap og bli endå betre til å ferdast i vinterfjellet. Me håper våre deltakarar vil nytte seg av dette, seier Ragnhild Fagerslett i ei pressemelding.


Lars Nessa

Fjellsportfestivalen har fått med seg varierte og engasjerte bidragsytarar på føredragssida, både lokale og tilreisande.


- Me kan mellom anna freiste med besøk av Lars Nessa, friluftsmann og fjellklatrar, som vil dele si historie frå den skjebnesvangre turen til K2, saman med Cecilie Skog og Rolf Bae i 2008, fortel programsjef Marie Louise Sundheim.


- I tillegg blir det føredrag om skiinnovasjon, skihistorie, om skredproblematikk og sjølvsagt ei mengd med røvarhistorier, seier Marie.


Over Grønland

At festivalen har fått booka «Himmeljegerane» er også stor stas.


- Denne gjengen kjem til å lage bra liv på scena, med sine skrøner frå ekspedisjonane som Lars Tannes-Fjeld og hans psykisk utviklingshemja bror Simen og deira kompis Mads, med Down syndrom, har gjennomført over Grønland og med kano ned elvane i Canada.


World Tour

Som tidlegare vil det også i år verta arrangert frikøyringskonkurranse. Konkurransen er ein del av kvalifiseringa til Freeride World Tour, noko som gjer den svært attraktiv for mange av dei dyktigaste, internasjonale frikøyrarane, då den med sine fire stjerner gjev køyrarane sjansen til å samle mykje poeng.


- Her blir det høg fart, mykje adrenalin og ei oppleving utanom det vanlege for publikum, seier Mari Aune som er ansvarleg for frikøyringskonkurransen.


Små og store

Elles vil programmet vere spekka med aktivitetar for alle aldersgrupper, til dømes sykkelutfor, barnas fjellsportfestival, speedriding, leik og moro i Rindabotn og festligheiter på Quality Hotell.


- For ikkje å snakke om ein heidundrandes afterski, melder arrangørane.


Fjellsportfestivalen syner fram bygda sine lokale naturkvalitetar gjennom spanande og utfordrande aktivitetar, tufta på kunnskap om trygg ferdsel i bratt vinterlandskap.


I år vert Fjellsportfestivalen arrangert 22.-26- februar.