ENDRINGAR: - For å gje plass til anleggsarbeidet har me vore nøydde til å gjera ei rekke endringar på Mannheller ferjekai, fortel byggeleiar Harald Stadheim. (Foto: Statens vegvesen)

Byggjer ny liggekai og straumforsyning for hybridferjer

Statens vegvesen har starta bygginga av ny liggekai på Mannheller.

Publisert 15.06.2018 kl. 14.07.

Prosjektet inneheld i tillegg til kvilekai også ny straumforsyning for hybridferjer, oppgradering av området rundt servicebygget, ny snuplass for buss og universell utforming av tilkomst til ferja, går det fram av ei pressemelding frå Statens vegvesen.


Færre oppstillingsplassar

Entreprenørfirmaet NCC er no i gang med fundamentering på land. Dette skal vera landfeste for kaia. Etter ferien startar fundamentering under vatn, og arbeidet skal utførast av ein eigen sjøentreprenør med dykkarar.
Skråstilte stag skal støypast frå fjordbotnen og opp til landfundamenta. Dette arbeidet startar over sommaren.
 
- For å gje plass til anleggsarbeidet har me vore nøydde til å gjera ei rekke endringar på Mannheller ferjekai. Oppstillingsfil ein er stengt av, og parkeringsplassane som før var nede ved ferjelemmen er no flytta opp i Amlatunnelen, fortel byggeleiar Harald Stadheim.


Lerum-cup

Med færre oppstillingsplassar kan denne sommaren blir ei utfordring, spesielt enkelte helgar med mykje utfart, fryktar vegvesenet.
 
- Til no har det gått veldig greitt, men det blir spanande å sjå når sommartrafikken kjem for fullt. Me vil vera i kontinuerleg dialog med Fjord1 for å finna dei beste løysingane for trafikantane, og me har sett krav i kontrakten med entreprenør at trafikken skal gå uhindra gjennom heile byggeperioden, seier Stadheim.
 
Under fotballturneringa Lerum-cup seinare i juni vil dei opna alle oppstillingsfiler. I tillegg tek anleggsarbeidet ferie heile juli månad.


Elektrisk drift

 Ei ny kvilekai på Mannheller gjer at ferje nummer to slepp å gå til Kaupanger på natta slik ho gjer i dag, noko som sparar miljøet for utslepp. Liggekai er også ein føresetnad for at meir miljøvenlege ferjer skal setjast inn på sambandet i framtida. 
 
På andre sida av fjorden, på Fodnes, skal det også gjerast mindre tiltak på kai, samt justering av snuplass for buss og universell utforming av tilkomst til ferja.
 
Prosjektet skal stå ferdig 1.februar 2019, og kontrakten har ein verdi på om lag 40 millionar kroner, opplyser vegvesenet.


Les meir om: Nyhende Sogndal