Bygdelag reagerer på stenging av basseng

Publisert 16.01.2020 kl. 20.15.

Hafslo bygdelag reagerer på at terapibassenget ved Hafslo omsorgssenter blir lagt ned utan at det har vore noko prosess på førehand.


Bygdelaget undrar seg over marknadsføringa av tilbodet, og seier dei har fått tilbakemelding frå mange som ikkje kjende til det, eller har trudd det berre var for omsorgssenteret. Hafslo bygdelag ser på tilbodet som eit helsefremjande lågterskeltilbod i ytre delen av kommunen, der det elles ikkje er basseng.


I eit brev til kommunen ber dei om at saka kjem opp til ny drøfting, og at ein då rådfører seg med aktuelle brukarar.


Les meir om: Nyhende Notis Luster Politikk