SNØFALL: Natt til torsdag har det snødd mange stader, men fjellovergangane i Sogn og Fjordane er opne. Her frå Vikafjellet. (Foto: Webkamera/Statens vegvesen)

Brøyting og salting etter første snøfall

Mange vakna til den første snøen torsdag. Brøytebilar og støbilar har vore på farten i morgontimane, opplyser vegtrafikksentralen.

Publisert 07.11.2019 kl. 06.36.

- Det har vore ein del nedbør i natt, men me har ikkje fått melding om særleg glatte vegar eller uhell. Men det er blitt brøyta og salta fleire stader, seier Monica Øksengård, trafikkoperatør ved Vegtrafikksentralen. 


Ho seier det er kome spesielt mykje snø på høgdedrag og til fjells. 


Så langt har ikkje snøen bydd på store trafikale utfordringar, alle fjellovergangane i Sogn og Fjordane er opne. 


Men riksveg 7 Hardangervidda mellom Dyranut og Halne har vore stengt deler av natta grunna bilberging. 


Les meir om: Nyhende Trafikk Vik